Jakten på gullkorset
Det som ikkje skulle skje har skjedd på Moster: Det heilage korset til kong Olav vert borte, rett før han skal vidare mot Nidaros! Trellen Åsta vart sett på åstaden og vert skulda for å vere tyven. Det kviskrast om kong Olavs nye lover, no skal også trellar få lov til å forsvare seg. Klarar vi å hjelpe Åsta med å samle bevis for å vise si uskuld? Bli med på eit eventyr om lov og rett!
Foto: Michaela Gettwert
Framsyningsinfo
Framsyninga hadde premiere 1.juni på Moster under programmet Jubileumsveka Junior- Moster 2024.
Passar frå 4 år
Medverkande: Lina Taule Fjørtoft, Kristine Alida Netteland, Stine Revheim Svellingen, Thomas B. Brandt
Manus: Lina Taule Fjørtoft, Stine Revheim Svellingen, Thomas B. Brandt
Medprodusent og manuskonsultasjon: Gunnbjørg Johannessen
Støtta av: Moster2024 og Bergesenstiftelsen